Fjellovergangar

Ein artikkel av Sivilingeniør Olav Birger Espeland, Rosendal

Media fløymer kvar vinter over med meldingar om store problem på fjellovergangane. Sist natt var Haukeli igjen stengd pga uver og rasfare. Kvifor skal vi ha det slik når pengesekken renn over. Det er bevisleg at vinterklimaet blir verre og verre år for år. Opp til 28 timar i slengen har folk sete verfaste i år med ein tunnel full av bilar, mens storm og snødrev rasa over Haukelifjell, og framleis har vi over 2 mndr att med vinter i høgfjellet. Det var nok mange som der og då var freista til å klappa til Kleppa.

Skal vi finna oss i ein politikk fullstendig utan handlekraft ? Regelverket for planlegging av stamvegar må endrast snarast. Reguleringsplanar må bli utarbeidde sentralt og kommunane sin rett til påverknad må reduserast vesentleg. 3 år bør bli maks behandlingstid for reguleringsplanar og ikkje 8-9 som nå. ”Kampflyregelen” må leggjast til grunn for finansiering. Prosjektering og bygging bør i større grad setjast bort til private firma, gjerne utanlandske der arbeidsløysa er stor.

Eg har stor respekt for ”Haukeliveiens Venner” som på heilt idealistisk grunnlag og på høgt fagleg nivå, for lengst har utarbeidt plan for ein 100 % vintersikker fjellovergang på Haukeli og med ein tunnel kortare enn Lærdalstunnelen. Men regelverket seier nå at når tunnelen er lengre enn 7,5 km, så skal det vera 2 tunnelar av omsyn til rømningsveg. Då blir prisen for lang tunnel for høg iflg Vegvesenet. Sikker rømningsveg i enkelløpa tunnel let det seg likevel gjera å få til for berre eit tillegg i prisen på ca 12-15 %. Men, er dette kravet sett for å hindra at slike tunnelar blir bygde ? Kor ofte skjer det alvorlege ulukker i lange tunnelar sett i forhold til den øvrige ulukkesstatistikken ?

Den vintersikre løysinga over Haukeli gir ”flat” veg over ein strekning på ca 5 mil frå Seljestad til forbi Vågslid.
Flat veg er uhyre viktig på vinterglatte vegar. Ein kan med gru tenkja på den bratte Måbødalen og dårleg skodde utlendingar.

Flate vegar gir ein ekstra miljøgevinst pga betydeleg redusert CO2 utslepp. Drivstofforbruket for tunge bilar kan halverast Bergen-Oslo med ein oppgradert og flat veg over Haukeli på berre 38 mil. Miljøvernarane skrik høgt og sender Solheim til utlandet med store summar for å kjøpa tvilsame miljøkvotar. Både dei og Solheim burde heller feia for eiga dør.

I Hardanger har dei lært seg å skrika høgt når det gjeld kraftlinjer. Etter mi meining er det viktig å skrika endå høgare for å få trygge og tidsmessige fjellovergangar. Det vil ha stor betydning for næringslivet, for miljøet og vera ein verdfull arv for våre etterkomarar. 85 % av folkjet i Hardanger vil ha ein oppgradert vintersikker veg over Haukeli som det kortaste og beste alternativet. Tar vi Kvinnherad med, blir talet over 90 %.

Vist 340 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder