Bergen-Odda som del av den nye Hovedstamveien E134

Dette satelittkartet viser Ekspressveien E134 – slik vi i “Vegforum Øst-Vest” og “Aksjon Bedre Vei” ønsker at veien skal gå mellom Bergen-Odda. Den vil bli 98km lang. Dette er første seksjon på det som vi håper skal bli den nye Hovedstamveien – “Ekspressveien E134” – mellom Bergen og Oslo. Jeg vil litt etter litt publisere de andre delene av veien: Haugesund-Jøsendal 106km, Odda-Grungedal 88km, Grungedal-Hjartdal 58km, Hjartdal-Kongsberg vest 51km og Kongsberg-Ski 78km.

Vist 601 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Eg ser at Haukelivegen AS har fått utført ein samfunnsøkonomisk analyse av ny E134. Det er vel og bra, og eit positivt initiativ.
Men at Haukelivegen AS og Vegforum Øst-Vest framleis held fast på Trase 2a –Hordalandsdiagonalen via Fusa til Os er eit stort feilsteg. Denne traseen som går gjennom «jomfrueleg mark», frå Strandebarm til Fusa, vil neppe få stor tilslutnad eller kunna realiserast dei neste 50 åra, og har svært lite lokalt trafikkpotensial eller lokal nytte, berre mange kilometer gjennom øydemark og fjell, for langt frå dei folkerikaste bygdene i Kvam og Hardanger. Dessutan er det ei feilvurdering å leggja vegen mot Bergen frå sør via Os. Trafikken Aust-Vest, eller kanskje i minst like stor grad, Sør/aust-Vest, med all trafikken til og frå Europa via ferjehamnene på sør/aust-landet, skal i minst like stor grad til Arna, Åsane, Mongstad osv., eller vidare nordover E39.
Vegen om Norheimsund derimot, har alt eit stort trafikkgrunnlag (ÅDT ca 2500) der arbeidspendling og handel mellom indre Kvam og Bergen utgjer ein stor del. Desse skal definitivt ikkje til Os, men til Arna stasjon og Bergen sentrum eller Åsane.
Haukelivegen AS og Vegforum Øst-Vest burde difor heller samarbeida med lokale initiativ frå bl.a. Kvam, som går inn for tunell under Kvamskogen (13km) frå Norheimsund til Frøland i Samnanger. Frå Samnanger/Tysse er det no ny tunell (snart ferdig) og god veg til Fusa. Dessutan er det frå Samnanger alt ein eksisterande, ferjefri veg til Os, på nord/vestsida av samnangerfjorden via Rolfsvåg og Lønningdal, med relativt god trase og standard, bortsett frå eit lite stykke (1-2km) mot frå Lønningdal til Heglandsdalen som kunne vore retta med ein kort tunell. Endeleg er det kort veg frå Samnanger til Trengereid der vegen møter E16, og til Arna med direkte tunell til Bergen sentrum.
Ny bru over Hardangerfjorden frå Jondal/Belsnes til Ljones er ein god plan, men langt fram. I mellomtida bør alle støtta opp om og pressa på for å få utvida ferje-kapasiteten og rutene Jondal-Tørvikbygd (evt. På bekostning av Kvandal-Utne), med to nyare ferjer med ½-times intervall, og dermed redusert trong for utvida oppstillingsplass som er eit problem både i Jondal og Tørvikbygd. Vegen frå Tørvikbygd til Norheimsund er etter kvart ganske god (ny veg Vikøy-Norheimsund 2013). Med ein kort trasè/tunell (6-800m) utanom Norheimsund sentrum ville det vorte enno betre.
Det kan synast som om Haukelivegen AS og Vegforum Øst-Vest manglar lokal kunnskap og gode samarbeidspartnarar på nordsida av Hardangerfjorden. Det bør de få meir orden på, – saman med Kvam Herad.

User_128x128

Magne Tolo

Hugsa at me som er Høgrefolk ikkje berre skal tenkja kva som er best for Toten!!

Takk for godt innspel!
Men!
Hugsa at me som er Høgrefolk ikkje berre skal tenkja kva som er best for Toten!!

Annonse

Nye bilder