Viser arkivet for mai, 2012

Asfaltlukta riv i nesa på denne regjeringa.......

Kleppa skryt litt av at dei raudgrøne har auka løyvingane til veg med nær 50% sidan dei tok over i 2005. Dette tilsvarar ein årleg auke på litt over 5%, og me veit at vegbygging har vore utsett for sterkare prisstigning enn det, særleg når armert betong har vore innblanda. Det vil seia at det har ikkje vore auke i det heile.

Det er nemnt av ministeren at i 2023 skal etterslepet vera innhenta, og fleire nye vegar skal vera bygde. Ho seier ho er i rute no. Men korleis kan ein vera i rute før ein har starta opp? Skal ein komma i rute, må det viktige endringar til:

1. Planprosessen må skjerast ned frå 10 til 2-3 år. Kutt ut det tøvet at kvar kommune skal laga eigen reguleringsplan for små betar av stamvegen, berre bortkasta tid. Gå over til statlege planar som i andre land. Dei nasjonaløkonomiske interessene skal sjølvsagt vera overordna lokale og private særinteresser for stamvegane. Politikarane må slutta å kava for si sjuke mor. Vår sjuke mor heiter Noreg.

2. Ei nøytral gruppe bør stå for vidare utarbeiding av Nasjonal Transportplan. Fire innbyrdes konkurrerande transportsystem kan ikkje gjera den jobben. Me har etter kvart sett kva det fører til.

3. La entreprenøren ta seg av detaljprosjekteringa.

Ho er i rute? Har eg kanskje misforstått? Kan ho ha meint at ho var i den vesle spanske sjokoladebyen Rute der alle lever av å laga sjokolade, og der det er sjokoladestatuar av offentlege personar i full målestokk ?

Men det vil eg ha sagt, at greier Magnhild å få norske stamvegar opp på eit normalt europeisk nivå, då skal me trafikantane få laga ei skikkeleg fin statue av henne. Ikkje av sjokolade, men av bronse. Den skal stå ved den viktigaste stamvegen mellom våre to mest folkerike og mest ekspansive landsdelar, nemleg ved Haukelivegen, og vegen skal vera 4-felts motorveg. Det er eit vilkår.

Johannes Sørli, Stord