Viser arkivet for stikkord norske

Nasjonal Transportplan er lagt fram. Ein artikkel av Johannes Sørli, Sivilingeniør, Stord

NASJONAL TRANSPORTPLAN OG ANDRE PROBLEM

Dårleg infrastruktur er eit av dei aller største problema her i landet, og Nasjonal Transportplan ( NTP) er ein nasjonal skandale både med omsyn til behovet og til distriktsvis prioritering. Det heiter seg at NTP er laga av folk i Oslo for Oslo. Det kan sjå slik ut, men ein bør vera klar over at det bur folk på Vestlandet og. Det er faktisk her landets rikdom kjem frå. Hordaland og Rogaland har dessutan hatt sterkare vekst i seinare år enn Oslo og Akershus trass i større innvandring der. Møre er og eitt av våre mest verdiskapande fylke som treng sårt til betre infrastruktur. Om 20 år skal me vera i mål, seier ministeren. Då må både planlegging og politisk behandling organiserast på ein enklare og meir effektiv måte.

No har det lenge vore nok diskusjonar att og fram om lyntog, men kor mange ville fått nytte av dei? Eg har vore i Japan og sett Shinkansen, ein gong det raskaste toget i Verda, men dei raske toga der stoppar ikkje i så små byar som Oslo. Lyntog har heller ingen serleg positiv effekt for næringslivet. Ingen stader i den vide Verda går det lyntog med gods. Føremålet i Noreg måtte vera persontransport mellom dei største byane, og ikkje noko anna. Det kan gjerast betydeleg billigare og meir effektivt på andre måtar, slik folk er busette her i landet, truleg også meir miljøvenleg. Men fleire politikarar har oppdaga at mange veljarar er opptekne av lyntog, difor kan dei ikkje, av valgtaktiske omsyn, avskriva lyntoget, diverre.

Mange trur at dei som lagar NTP driv med juks, eller tendensiøs informasjon, for dei kan ikkje vera så dårlege i reknekunsten som det går fram av sjølve planen. Eit anna viktig spørsmål er kor lenge me skal lata 4 konkurrerande transportsystem ta seg av ei så viktig oppgåve for landet som å laga ein framtidsretta transportplan. Opp gjennom åra har me fått mange døme på at det er ein uheldig kombinasjon.

Sjø- og vegtransport utfyller kvarandre på ein god og nødvendig måte. La desse to ta seg av oppgåva. Dei dekkjer det meste av transportbehovet for heile landet, og dei har felles interesser. Jernbaneverket og Avinor bør få kjøra sitt eige løp, men me kan ikkje la dei hindra utbygging av trygge og effektive stamvegar mellom landsdelane.

For finansiering av vår miserable infrastruktur bør me setja av eit stort nok fond, slik at me kjem bort frå dei årlege statsbudsjetta og kan planleggja langsiktig. Dette er visst alle samde om, men det skjer ingen ting. Det ville vore naturleg at fondet vert bygd opp av midlar som bilen tilfører statskassen. Oljefondet skal visst brukast til viktigare ting, nemleg spelast bort på hasardiøs investering. For å unngå innbyrdes kamp om midlane bør det vera eit eige fond for vegsektoren og eitt for Jernbaneverket.

Me bør og ta opp spørsmålet om denne kostbare utgreiingsgalskapen, som hindrar handling, bør halda fram i si noverande form. Ofte består store delar av desse dokumenta av sjølvsagde ting som dei fleste veit frå før, og som ikkje fører til anna enn trenering av saka når kreti og pleti skal ha det på høyring .

Eg er i tvil om det nyttar for oss vanlege folk å skriva om desse problema. Det me kan risikera er at statsministeren vert interessert i vegar. Då kan me og risikera å måtta slita med han ein periode til, for alle har bil, og alle ergrar seg over det dårlege og livsfarlege vegnettet.

Johannes Sørli, Haukeliveiens venner