Viser arkivet for stikkord vegbyggingbompengarintercity

Etterlyser Revolusjon i Samferdselspolitikken

Tidlegare konserndirektør i BKK, Rikard Solheim, meiner vi treng ein skikkeleg revolusjon i samferdselspolitikken. Vi treng å snu opp-ned på nokre gamle, fastlåste myter.
Her er eit lite samandrag frå artikkelen hans i Bergensavisen i dag, 9. juli, 2013:

• Stortinget anar ikkje kor mykje transport vi får per krone for ulike transportmåtar
• Toget er det absolutt dyraste alternativet, rekna i personkilometer
• 95% av personreisene går på veg, berre 1% med NSB. Likevel vert jarnbana subsidiert
med 15 milliardar årleg
• Togtransport er 15-20 gonger dyrare enn transport med ekspressbuss
• Norsk Transportplan (NTP) er laga i Oslo, for Oslo, og for subsidieslukarane NSB og
Jarnbaneverket
• Togbrukarane betalar berre 25% av dei reelle kostnadene. Vegbrukarane får ingen
subsidiering, tvert imot. Dei betalar kvart år 25 milliardar meir til staten enn det staten
brukar på veg (investering og vedlikehald)
• Det er eksempel på at investeringar i veg på Vestlandet har gjeve 10-15 gonger så mykje
transport for pengane som Gardermobana
• Internasjonale analysar viser at kollektivtransport med ”superbuss / bybuss” i eigne felt er
mykje meir effektivt og fleire gonger billegare enn banetransport
• Per transportert person er energibruken mykje høgare med jarnbane – og gjev dermed
større miljøproblem – enn busstransporten.
• Inter-city toga kring Oslo må subsidierast med 10 milliardar årleg. Dette skal resten av
landet subsidiera oslofolket med
• I resten av landet lyt vi sjølve betala vegane våre med bompengar
• Stortingskandidatar med fornuft og mot, og litt reell kunnskap om samferdsle
vert etterlyst!

Les heile artikkelen her: